Feedback

X
Kategorial danning og bruk av IKT i undervisning

Kategorial danning og bruk av IKT i undervisning

nor

0 Ungluers have Faved this Work
• Kan vi arbeide med metodar i skulen utan å trekkje inn innhald og mål?• Kva kan digital teknologi gje av pedagogisk meirverdi?• Kan tysk danningsteori framleis vere til hjelp til å forstå undervisning og læring?Denne boka handlar om det som skjer når danningsteori møter utfordringane med digital teknologi i skulen og særleg med bruken av mobile einingar (m-læring) i lærarutdanninga. Undervisningstema som er drøfta, er filosofi og etikk, engelsk litteratur og kunst og handverk. Sentrale perspektiv er henta frå den tyske teoretikaren Wolfgang Klafki (1927–2016). Klafkis kategoriale danningsteori blir kritisk drøfta i lys av dagens digitale utfordringar, og mottakinga av teorien hans i norsk pedagogikk og didaktikk blir òg vurdert. Forfattarane argumenterer for at Klafki framleis er aktuell. Eit sentralt poeng for Klafki var at danning er tosidig; ho har alltid både ei formal og ei materiell side. Vi kan ikkje «lære å lære» utan å lære noko. Han peika også på at det konkrete emnet har ei generell side, ein kategori, av større eller mindre danningsverdi. For å kunne velje læringsstoff og metode, må læraren og læreplanmakaren må ha ein fagleg idé om kva dette kan vere.

This book is included in DOAB.

Why read this book? Have your say.

You must be logged in to comment.

Rights Information

Are you the author or publisher of this work? If so, you can claim it as yours by registering as an Unglue.it rights holder.

Downloads

This work has been downloaded 25 times via unglue.it ebook links.
  1. 5 - pdf (CC BY) at Unglue.it.
  2. 20 - pdf (CC BY) at Unglue.it.

Keywords

  • Education
  • Society & Social Sciences
  • thema EDItEUR::J Society and Social Sciences::JN Education

Links

DOI: 10.18261/97882150294502018

Editions

edition cover
edition cover

Share

Copy/paste this into your site: