Feedback

X
Digital samhandling
0 Ungluers have Faved this Work
Boka er sett saman av 19 artiklar frå ei rekke ulike samfunnsområde. Alle handlar om korleis digitalisering påverkar måten vi samhandlar med andre menneske.Artiklane er innanfor tre hovudtema: Det første omtalar korleis digitalisering påverkar forholdet vårt til omgjevnadane. Her er digitaliseringa eit tviegga sverd. Sosiale medium kan gi auka forståing for kvarandre på tvers av samfunn og kulturar, men viskar ut skiljet mellom det offentlege og det private, og vert brukt til spreiing av usanne faktum. Digitalisering bidreg soleis til å viske ut skiljet mellom kva som er ekte og kva som er konstruert.Det andre hovudtemaet er korleis digitalisering påverkar samhandling og tenester i næringslivet. Her set boka søkelys på korleis ny teknologi vert fortolka og tatt i bruk, men også feiltolka og motarbeidd av dei etablerte aktørane innanfor bransjar og føretak. Teknologiske endringar kan utfordre etablerte maktstrukturar og praksisar, og kan soleis vere ei kjelde til ustabilitet. Bidraga syner på ulike vis at utfallet av møtet mellom det etablerte og dei nye aktørane og praksisane i stor grad vert avgjort av samhandlinga mellom det tradisjonelle og det nye. Det siste hovudtemaet er digital samhandling i skule og høgare utdanning. Artiklane viser at digitale læringsmiddel, undervisingsformer og evalueringsformer skaper moglegheiter, men òg nye utfordringar. Teknologien påverkar ikkje berre kvardagen til elevane, men også skular, høgskular og universitet som institusjonar.Samla sett syner boka at digitalisering fører til store og gjennomgripande endringar i samfunnet. Dei færraste av desse er enten negative eller positive. Utfallet er i stor grad avhengig av korleis vi samhandlar med den digitale teknologien og med kvarandre.

This book is included in DOAB.

Why read this book? Have your say.

You must be logged in to comment.

Rights Information

Are you the author or publisher of this work? If so, you can claim it as yours by registering as an Unglue.it rights holder.

Downloads

This work has been downloaded 42 times via unglue.it ebook links.
  1. 42 - pdf (CC BY) at Unglue.it.

Keywords

  • Digitization
  • digitization, technology, society
  • Society
  • Technology

Links

DOI: 10.18261/9788215037394-2020

Editions

edition cover
edition cover

Share

Copy/paste this into your site: